Året er 2060. Fienden rykker inn. Generalløytnant John Arnhem trur ikkje lenger at krigen kan vinnast. Desillusjonert reiser han ut i Tanamiørkenen på eit siste oppdrag: å freista evakuera besteforeldra og kveget på farmen der han sjølv vaks opp, og slik også berga restane av livet han ein gong kjende. Brett Hammersley har kjempa som idealist i regimentet til Arnhem, men krigen er i ferd med å riva ho i filler. I von om å finna attende til det som ein gong betydde noko, freistar også ho å koma seg vekk, gjennom dette siste oppdraget. Men heller ikkje i Tanamiørkenens øydemarker er det lenger mogeleg å sleppa unna krigen. På same tid vert den øvste leiaren i Australia, utanriksminister Eden Elenia Caitleen, stilt overfor eit umenneskeleg val. I dette valet står ho einsam, og tida hennar er i ferd med å renna ut. Når alt ein tidlegare har kjent til, brenn og fell, kvar kan ein då snu seg? Når nederlaget står for døra, kva blir då attende å kjempa for? Og finst det likevel ei framtid, i desse landskapa av undergang?
Alltid nye vendinger. Kjeder deg aldri ordentlig. Men når heller ikke heeeeelt opp til 1ern. Kanskje hadde jeg bare for mye annet spennende å gjøre disse ukene, men den evnet aldri oppsluke meg like mye. Dog meget god. Dystopisk men med et snev av deilig optimisme (til siste side, og kanskje spesielt på siste side). 4.8/5. fremtiden som du (eller hvert fall jeg) ikke hadde sett den for meg men likevel så logisk enkel realistisk. Anbefaler